Velg språk: estisk

Statsautorisert translatør

/estisk-norsk

For språkkombinasjonen estisk-norsk kan vi tilby omsetjingar som er stadfesta med det offisielle translatørstempelet. Stadfestinga av omsetjingane blir gjort av ein statsautorisert translatør, som med dette attesterer at det er ei rett gjengiving av innhaldet i originalen. Det er ingen separate gebyr for stadfesting av omsetjinga, men stadfesta omsetjingar er noko dyrare enn omsetjingar som kan leverast elektronisk.

Det finst for tida ingen andre translatørar mellom estisk og norsk, verken i Estland eller Noreg. I Estland er det òg vanleg med såkalla «notarialt stadfesta» omsetjingar, men dette inneber berre at ein estisk notarius publicus stadfestar at underskrifta er gjeven av ein konkret person, ikkje kva kvalifikasjonar denne har. Om nødvendig kan vi skaffe ei slik stadfesting i Estland for omsetjingar frå norsk til estisk.